Kvar skal klokkespelet plasserast etter rivinga av 1957-bygget på Stryn omsorgssenter? Spørsmålet vart reist  etter at ordførar Sven Flo utfordra Fjordingen sine lesarar til å kome med forslag.

Så langt ser det ut til dei fleste meiner klokkespelet bør plasserast i Heradsheim. Men også kulturhuset kan vere ein eigna plass.

Anny Alsaker Berge hugsar augustdagen i 1958 då Stryn Gamleheim vart opna. Pastor Rasmus G. Meland kom då eins ærend frå Amerika for å høyre klokkespelet som han hadde gitt i gåve.

- Meland var nær 90 år, men tok likevel den lange vegen heim att frå Amerika for å oververe denne høgdtida. Kvar 17. mai seinare har klokkespelet gleda oss med sine vakre tonar. Saman med salutten, toget  og flagga er klokkespelet frå tårnet på Stryn omsorgssenter det eg forbind med 17. mai, seier Anny Berge Alsaker.

- Kvar meiner du klokkespelet bør setjast opp att?

- Det passar godt å plassere det i ein annan historisk bygning i Stryn, nemleg Heradsheim. Denne staslege bygningen ligg perfekt plassert midt i Stryn sentrum, med Per Bolstad plass framfor seg.  Klokkespel på taket i Heradsheim vil straks ta opp arven frå Gamleheimen på ein naturleg og fin måte, meiner Anny Berge Alsaker.

Heradsheim blir også trekt fram av fleire som har engasjert i debatten. Arne M. Sølvberg er heller ikkje framand for slik plassering, men meiner den mest naturlege staden for klokkespelet må vere på toppen av Stryn kulturhus.

- Eit så kostbart instrument bør i framtida få tradisjon for meir bruk. Eg har ofte høyrt snakk om klokkespelet, men vi som feirar 17. mai i ute i bygdene har ikkje høyrt klangen frå det enno, seier han. Og legg til med eit smil  at "det blir llitt gale om vi må vente på å høyre klokkespelet  til vi flyttar på omsorgssenteret og har fått nedsett høyrsle".

Fjordingen har også motteke innspel på at klokkespelet bør seljast.

- Klokkespelet blir berre brukt nokre få minutt i året. I kommunen sin økononomiske situasjon bør ein ikkje bruke masse pengar på å setje det opp att ein annan stad. Det er heller ikkje så mange som høyrer det når klokkespelet er i bruk, blir det sagt.