Dykkarfirmaet  O. E. Hagen har kjøpt eigedomen i Vetlevika (Marsåvika) der Esso hadde sitt tankanlegg.  På vegner av eigaren oppmodar Nordplan om at det vert lagt til rette for nytt næringsareal på tomta.

- Firma O.E. Hagen har kjøpt Esso-eigedomen med tilhøyrande kai. Målet er å utvikle eit næringsområde som utnyttar kvalitetane av å ligge lett tilgjengeleg både frå hovudveg og frå sjø. Det er vidare oppretta dialog med grunneigar av tilgrensande areal med sikte på å kunne legge til rette eit større areal og fleire enn eige firma, samt å kunne bygge ein trafikksiker og tenleg tilkomst til området, heiter det i innspelet til kommunedelplan Langeset - Stryn - Storesunde.

Slik såg det ut på eigedomen før tankane vert tekne ned. Foto: Harald Vartdal