Hornindal formannskap har sendt høyringsuttale der dei går imot framlegget til ny postlov. I den samanheng kom Eldar Engelund (Sp) med fylgjande hjartesuksess:

- Det er eit stort paradoks når regjeringa vil kutte ut postomberinga på laurdagane, samstundes som dei går inn for søndagsopna butikkar over heile landet!

Her er fråsegna som eit samrøystes Hornindal formannskap stilte eg bak:

"Postdirektivet pålegg full konkurranse også på brev under 50 gram. Dette er tenester som Post Norge AS har einerett på i dag. Den framlagde lovendringa vil då føre til full kontroll på all post. Dette kan endre dagens gode postteneste betydeleg i forhold til vårt desentraliserte næringslivs- og busetnadsstruktur som vi har mange stader i Norge.

Både innbyggjarane, næringslivet og offentlege etatar i distrikta er avhengig av å få gode vilkår også i framtida og ønskjer ikkje ei svekking av posttenesta. Ei slik lovendring vil føre til både dårlegare og dyrare posttenester spesielt i distrikta. Kommunen meiner at ein skal likebehandle alle som nyttar seg av posttenesta uansett adresse.

Det er også føreslege  at postomberinga på laurdagane ikkje lenger skal vere ei leveringspliktig teneste 6 dagar i veka, men at den skal reduserast til 5 dagar i veka. Dette vil mellom anna ramme sterkt avisdistribusjonen i distrikta. I vårt område har vi flere aviser som ikkje har eige distribusjonsnett og innbyggjarane vil såleis då eit dårlegare tilbod.

Med vekt på tenestetilbodet i ei distriktskommune som Hornindal, ser ein at den nye postlova vil kunne føre til eit svekka tilbod for våre innbyggjarar. Med dette som bakgrunn kan ikkje Hornindal kommune støtte det framlagde framlegg til ny postlov med forskrifter, og krev med dette at postlova ikkje vert vedteken".