Statens vegvegen si utgreiing av sambandet mellom Austlandet og Vestlandet - og der dei konkluderer med at Hemsedalsfjellet er beste alternativ for trafikken mellom Ålesund og Sandvika - legg opp til at det vert 90 km/t sone på E39 mellom Svarstad i Stryn og Skei i Jølster. Med bru over Nordfjorden og tunnel gjennom Utvikfjellet vil reisetida på denne strekninga bli redusert frå 90 til 28 minutt.

Seniorrådgjevar Kjell Kvåle i Statens vegvesen stadfestar at dei planlegg E39 Svarstad - Skei for fartsgrense 90 km/t.

- Ja, vi har bestemt oss for at ein større del av den ferjefrie E39 skal ha 90-grense. Strekninga mellom Stryn (Svarstad) og Skei er mellom desse, seier Kvåle til Fjordingen.

- Høgare fartsgrense set vel større krav til vegstandard, noko som igjen vil krevje meir areal i Innvik, Utvik og Byrkjelo?

- Ja, det betyr litt for linjeføringa. Men her snakkar vi om ei strekning der det uansett må byggjast ny veg og tunnel på ca 8 km gjennom Utvikjfellet. Det vi har lagt vekt på, er standard og minst mogeleg høgdeskilnad.

- Planarbeidet er i startfasen?

- Ja, vi startar arbeidet med planlegginga i løpet av 2015. Her blir også arbeidet med kommunedelplanane til Gloppen og Stryn viktig, seier Kjell Kvåle.

Statens vegvesen si utgreiing av sambandet over Hemsedalsfjellet - og der det ligg inne flytebru Mannheller - Fodnes - viser at det med dette alternativet vil ta ca fem og ein halv time å køyre ferjefritt frå Stryn til Sandvika.