Det nyttar ikkje å skulke unna avtalen på sjukehuset lenger. Frå 1. januar vart gebyret for ikkje å møte til timen på sjukehuset 640 kroner.

​​​​​​​​​– Flest muleg må nytte seg av den timen dei har fått. Då slepp ein å betale gebyr, seier administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen.

​​​​​​​– ​Vi har gjort det enklare for pasientane å halde oversikten over timane sine og å få kontakt med sjukehuset om timen av vektige grunner ikkje passer, seier Nilssen i eit nyheitsbrev frå Helse Vest.

Alle helseføretaka sender no ut sms både når timen blir tildelt, og ei påminning 72 timar før. På vestlandspasienten.no​ kan ein logge seg på og få opp ei oversikt over alle timane ein skal ha på sjukehuset. Det går​ òg an å sende ei melding til sjukehuset om ein har spørsmål om timen, om ein av gode grunnar har behov for å endre tidspunkt for timen, eller om ein ikkje lenger har behov for oppfølging frå sjukehuset.

Timeavtalen kan leggjast over på eigen kalender. På denne måten kan pasientane til ei kvar tid vere oppdaterte, og dei kan sende melding til sjukehuset når som helst på døgnet. Sjukehuset skal svare innan to virkedagar, anten per telefon eller brev, skriv Helse Vest.