I dag vart ein to minutt lang reklamefilm om fjellet Skåla lansert. Bak filmen står Reisemål Stryn og Nordfjord, Fjord Norge og Innovasjon Norge.

- Filmen skal inspirere til reiselyst i regionen vår, seier produktsjef i Reisemål Stryn og Nordfjord, Ann-Helen Blakset. Ho fortel at fleire lokale aktørar har bidrege inn mot filmen, og det er sogndalsbedrifta Falkeblikk som har laga den. Filmen har ei kostnadsramme på 130.000 kroner.

- Vi har ønska å lage ein film om Skåla i mange år, og no fekk vi endeleg sjansen i samarbeid med Innovasjon Norge, Fjord Norge og lokale aktørar. Målet er å vise denne vandreturen, som både er spektakulær, godt tilrettelagt og med ei lang historie, til eit breiare publikum. Skåla er plassert midt i den norske indrefileten i Stryn, i Jostedalsbreen Nasjonalpark, med ville og vakre Lodalen og den nye klatreruta Via Ferrata Loen rett i nærleiken, vi ser eit stort potensiale her, seier Blakset.

I følgje pressemeldinga i samband med lanseringa, er målsetnaden med filmen å nå aktive og godt betalande kundesegment i Tyskland, Nederland, Sverige, Danmark, UK og USA.

Filmen kan du sjå her.