Ola Rasmus Fannemel og Ellen Bodil Kirkeeide har blitt vande til å leve eit spennande liv etter kvart som sonen Anders har nådd stadig nye mål i hoppbakken. Det er ikkje mange dagane sidan dei serverte kake i  heimen og feira verdens lengste skihopp. I kveld vart det VM-gull til heimen. Men denne gongen feira foreldra på kvar sin plass: Medan Ola Rasmus er i Falun og fekk med seg rennet, feira Ellen Bodil på øving i altgruppa i Hornindal Songlag!

- Eg var saman med gode venninner, så det har vore fint. Det hadde vore kjedeleg å sitje åleine, seier ho.

- Orka du å sjå på?

- Ja, eg måtte då det. Men det var spennande!

- Og korleis lyder det når altgruppa i Hornindal Songlag jubler for VM-gull?

- Då er vi ikkje på altnivå lenger, då er vi langt oppi sopranrekkjene. Det blir litt hyling! ler mora til den nybakte VM-vinnaren.

- Det var forferdeleg spennande, men det var veldig kjekt at alle fekk to gode hopp, og at dei fekk ein lagsiger. Det er vel det dei alle har håpa på, etter det eg har forstått.

Ola Rasmus Fannemel var på plass i storbakken i Falun og fekk sjå sonen ta VM-gull i laghopping.

- Ein kjekk dag! seier han på telefon frå Falun, medan han ventar på medaljeseremonien for sonen og dei andre på det norske laget.

- Korleis var det å vere i bakken?

- Det var sjølvsagt kjempemoro. Det var stor stemning og alt som høyrde til.

- Våga du å sjå hoppa til Anders?

- Jadå. Eg har aldri problem med å sjå han hoppe på ski. Ein håpar jo det beste, og prøver å ikkje tenkje på det verste, så går det bra.

- Fekk du møte Anders etterpå?

- Nei, det var ikkje muleg. Eg har ikkje fått møte han eller snakke med han, men eg fekk vinka til han!