I desse dagar jobbar ungdomsbedriftene rundt i fylket på spreng før Fylkesmessa i Førdehuset torsdag 4. mars.

Stryn vidaregåande skule er representert med ei ungdomsbedrift, Arrangørene UB. Elevane i denne bedrifta er påmeldt i fleire av klassane på fylkesmessa.

Torsdag blir det stor aktivitet med presentasjon av dei 28 deltakande ungdomsbedriftene og prisutdelingar seinare på dagen. 224 elevar, 36 lærarar og 35 frivillige inkludert jurymedlemmar er i sving.

For dei  fleste elevane som driv ungdomsbedrift dette skuleåret, er fylkesmessa høgdepunktet. Men for nokon stopper det ikkje der: Dei aller beste går videre til NM i april. Det blir skarp konkurranse om dei attraktive NM-billettane, og dei unge gründerane står verkeleg på for å vise seg fram frå sine beste sider.

– Dei unge fortener meir læring gjennom praksis, og vi har god grunn til å tru at arbeid med UE sine program gjer elevane meir motivert til å stå skuleløpet ut, seier Holger Aasen, dagleg leiar for Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane, i ei pressemelding.

– Arbeid med ungdomsbedrift gir elevane motivasjon, meistringsglede og verdifull læring. Vår målsetting er å bidra til at det blir ein kultur for entreprenørskap blant unge, og det treng vi i Sogn og Fjordane. Både no og i framtida, meiner han.

RAW Media UB frå Mo og Jølster vidaregåande skule vann 1. prisen for «Beste Enterprise Without Borders bedrift» på NM for ungdomsbedrifter 2014. F.v. : Jurymedlem Jan Erik Fåne, Sandra Valvik – RAW Media UB, Torild Hornnes – RAW Media UB. Foto: Eivind Husabø, Ungt Entreprenørskap