Litt før 12 i dag rykte brannvesen og politi ut, etter å ha fått melding om røykutvikling i ein sponsilo i Øyravegen. Situasjonen er no under kontroll.

- Dette er slikt som skjer både der og andre stader. Gneister frå maskineri førte til glør og stor røykutvikling i sponsiloen. Det vart så mykje røyk at røykdykkarar måtte inn, og dei fekk kvelt dette med skumlegging på toppen av siloen, seier brannsjef Jarle Dragesæt. Miljøservice vil no tømme siloen for innhald.