Førdefirmaet Klatrejungel as er i gang med å opprbeide klatrepark i området mellom Strynehallen og Stryn kulturhus. - Montering av utstyret startar kring 20. juni og klatreparken skal vere klar til bruk første veka i juli, opplyser Rune Berge til Fjordingen.

Klatrejungel as har hatt stor suksess med å tilby aktivitetsparkar som gjev spennande utfordringar.

- Med unntak av det 6,5 meter høge tårnet (to etasjar) og ein balansebom i tre, er klatreparken basert på tau og nett. Dette er eit bevisst val for at det iikkje skal vere så statisk, men derimot skape bevegelse og spenning. Gjennom fart bestemmer ein vanskegrada. I klatreparken blir det ei rundløype der ein t.d. kan leiike politi og røvar og sisten. Så her er massemoglegheiter, forklarar Rune Berge.

Bilde frå eit av dei åtte anlegga som Klatrejungel as har ferdigstilt. Foto: Klatrejungel as