I dag presenterte Mediebedriftenes landsforening opplagstala for mediehusa. Tala for 2014 fortel om framleis fall i abonnementsmassen for dei aller fleste aviser, men samstundes er nedgongen lågare i år samanlikna med 2013.

Fjordingen sitt samla opplag er 3.863. Dette inkluderer både laussalg og digitale abonnentar. I 2013 var talet 3.979. Ein nedgong på 2,9 prosent er likevel betre enn året før, då nedgongen viste 3,4 prosent.

Dei fleste avisene i fylket har ein reduksjon i opplag på 1,7-2,9 prosent. Fylket si største avis, Firda, har ein tilbakegong på 2,8. Størst nedgong har Sogn avis med 4,1 prosent, medan Ytre Sogn Avis er einaste avisa som har ei positiv utvikling, og har gått frå 1.534 til 1.556 abonnentar (pluss 1,4 prosent).

Samla lesartal for Fjordingen er 14.000, når ein reknar med papir, nett og mobil. 12.000 les papirutgåva, 3.000 les avisa på nett og 3.000 les den på mobilen.

Oversikt utvalde aviser