Ein familie på fem kom alle uskadde ut då huset deira på Rake i Stryn brann torsdag morgon. Brannen vart oppdaga kl. 06.20 og ved sju-tida kunne politiet melde om at brannen var sløkt.

- Vi var i ferd med å stå opp då vi høyrde ein rar lyd i huset. Eg trudde først det var sonen vår som hadde stått opp, men så fekk kona mi telefon frå ein nabo som varsla om at huset vårt stod i brann, fortel huseigar Vegard Rake Midttun til Fjordingen.

Han fortel at familien som hadde soverom i dei to etasjane under der brannen vart oppdag,a kom seg raskt og uskadde ut av huset.

- Etter at brannvesenet var varsla starta vi jobben med å få ut verdisaker som fotoalbum, PC og harddiskar. Gode naboar hjelpte oss i arbeidet, seier Rake Midtun som og gir stor ros til brannvesenet.

- Dei kom raskt på plass og har gjort ein svært god jobb. Hadde dei kome fem minutt seinare, hadde ikkje huset sett slik ut som det gjer, seier Rake Midtun.

Huset har likevel fått store skader, men omfang og skadeårsak er førebels uvisst.

Brannvesenet held no på med ettersløkking på staden.

Brannvesenet held på med ettersløkking torsdag morgon. Foto: Bengt Flaten