Ei undersøking viser at over 20.000 hytter i Norge ikkje har brannslokkeutstyr. Dette er ein av årsakene til at Stryn brannvern har fokus på forebygging av hyttebrannar.

I samarbeid med forsikringsselskapet Tryg, Norsk brannvernforening og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, står det lokale brannvernet bak ein kampanje retta mot hyttefolket denne påska.

- At så mange hytter ikkje har slokkeutstyr er alarmerande. Alle hytter skal være utstyrt med minst eit godkjent brannslokkeapparat eller ein husbrannslange, i tillegg til ein røykvarslar etter lovverket, seier brannsjef Jarle Dragesæt i Stryn.

Ei undersøking om branntryggleik på hytta vart gjennomført i februar i 2014. 1300 hytteeigarar og brukarar frå heile landet deltok i undersøkinga, som mellom anna syner at fem prosent av alle hytter i landet ikkje har brannslokkeutstyr.

I påska skal brannvesenet sine representantar ut å treffe hyttefolk for ein hyggeleg prat om branntryggleik. Dei vil vere til stades på nokre av parkeringsplassane ved dei store hyttefelta i indre Nordfjord. Då vil dei også dele ut ei «minihytte» som viser gode brannforebyggande råd. Denne minihytta blir delt ut gratis, og skal hengast opp ein stad på hytta. I minihytta er det også eit batterimagasin og eit røykvarslerbatteri. Her kan ein alltid ha eit eller fleire ekstra røykvarslerbatteri tilgjengeleg, dersom ein treng å byte.

-Vi håper å treffe mange hyttefolk på denne måten. Om eigarar og brukarar av hytter gir branntryggleiken den merksemnda den fortener, kan vi kanskje unngå tragiske hyttebrannar i vårt område, seier brannsjef Dragesæt.

Kampanjen blir utført av brannvernet i dei fleste store hyttekommunar.

  • Overslag syner at verdier for over 330 millioner kroner gjekk tapt i hyttebrannar sist år.

  • Feil montering, mangelfullt vedlikehald og feil bruk av eldstad er den vanlegaste brannårsaka.

  • Handverksmessig eigeninnsats er normalt større på hytter enn i bustadar. Dette kan gi større fare for brann.

  • Mange hytter ligg utanfor allfarveg, noko som ofte betyr lengre utrykningstid for brannvernet til ei hytte enn til ein bustad.

  • Alle hytter skal ha minst ein fungerande røykvarslar, i tillegg til eit godkjent brannslokkeapparat eller ein husbrannslange. På hytta må ein sjølve vere førebudde på å slokke ein eventuell brann.

Sjekkliste for branntryggleik på hytta:

  • Sjekk røykvarslar kvar gong de tek i bruk hytta.

  • Test røykvarslarar også ein gong i året med røyk.

  • Byt batteri ved behov, minimum ein gong per år.

  • Gå aldri frå levande lys.

  • Ikkje bruk peis/ovn som tørkestativ.

  • Sørg for å handtere oskeavfall på ein forsvarleg måte.

- Det er alarmerande at så mange hytter ikkje har slokkeutstyr, seier brannsjef Jarle Dragesæt.