Laur­dag 11. ap­ril blir det sett opp ei ny fram­sy­ning av årets rus­se­re­vy, «Strynerussen kast­ar inn hand­kle­det».

Det er truleg første gong at det har blitt satt opp ei ekstraframsyning av ein russerevy i Stryn. Grun­nen til dette er gode til­ba­ke­mel­din­gar frå publikum og stor et­ter­spur­nad etter bil­lett­ar til årets re­vy. Men russen er heilt avhengig av at folk bestiller billettar no.

– Det er veldig kjekt at så mange vil sjå revyen vår, men dersom vi ikkje får selt nok bil­lett­ar på førehand, blir vi nøydde til å av­ly­se ekst­ra­fram­sy­nin­ga, sei­er revysjef Tine Nedreberg.