Hafsås med beste maratontida på to år

Helge Hafsås synte god form, og leverte i helga sitt beste maratonløp på 2 år.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Helge Hafsås, Olden IL, viste godt slag då han laurdag sprang inn til tida 2.43.15 under Bergen Ultra i Fana. Det var Hafsås sin maratonsiger nr. 169. Han var nesten 5 minutt føre andremann.

Tida er hans beste sidan Rett Vest i 2013, då sprang han på 2.42.33.

Også Inge Asbjørn Haugen frå Hornindal deltok. Han hadde 18. beste tid med 4.07.41. Det var hans maraton nummer 492!