Huseigarar på strekninga Øvreeide - Mindresunde som ikkje seinast 1. august 2015 imøtekjem kravet om å ha knytt seg til kommunale VA-leidningar og separering av avløp, vil få tvangsmullkt i form av eingongsbeløp på 5.000 kroner + dagmulkt på 200 kroner frå og med 2. august 2015.  Det opplyser Stryn kommune i brev til dei som ikkje har imøtekome kravet om tilknyting.

- Dersom vi ikkje innan 1. august 2015 har motteke sanitærmelding frå godkjent røyrleggar som viser at de er tilknytt komunale VA-leidningar, blir de ilagt tvangsmulkt. Vedtaket om tvangsmulkt er heimla i Lov om planlegging og byggesakshandsaming paragraf 32-5, heiter det i brevet frå  teknisk sjef Jan Bakke Flore.