I Lovik er det fleire som har påpeika inkonsekvens i skiltbruken når det gjeld fartsgrenser. Kjem vi på fylkesveg 60 frå Stryn eller Olden, er det greitt. Der får vi opplyst at det er 40-grense over det skumle krysset med dump til Loen skule.

Kjem vi på vegen frå NK og ut mot krysset til fylkesveg 60 derimot, får vi opplyst at 40-sona blir oppheva. Om ein då svingar til venstre mot den omtalte dumpa, kan vi ikkje sjå noko av fartsskilta på fv. 60. Kor høg fart kan ein då ha utan å bli bøtelagt, spør ein observant bilist seg.