Ein samferdslefraksjon frå Høgre var på gjennomreise i Stryn torsdag kveld, og fekk klare tilbakemeldingar om viktige vegprosjekt for indre Nordfjord.

Stryneordførar Sven Flo henta følgjet med stortingsrepresentantane Bjørn Lødemel, Torill Eidsheim og Helge Orten på Utvikfjellet. På vegen innover mot Stryn sentrum fekk dei ein god og felles dialog, og mange meiningsutvekslingar om ulike prosjekt innan samferdsle.

Blant tema var oppstart av prosjekt E39 frå Byrkjelo til Grodås, med fokus på tunnelen under Utvikfjellet, og bru over Nordfjord.

-Det var viktig å presisere at vi ventar no utolmodig på Statens vegvesen i den vidare prosessen, og ber om politisk trykk sentralt på videre planarbeid, seier Sven Flo (H).

I ein gjennomgang av fylkesveg 60, fortalde han at ein no kjem seg vidare med ferdigstillinga av siste byggesteget, med det positive vedtaket i Fylkestinget tidligare denne månaden.

- Riksveg 15 vart ein viktig diskusjon. Fokuset er å få på plass nye tunneler så snart som muleg, og få landa eit endeleg vedtak på heil tunnel frå Skåre til Breidalen, med mulegheit for arm til Geiranger, seier han.

Dei diskuterte også rassikringsmidlar, og fekk klar tilbakemelding på at dette må få meir fokus i framtidige budsjett.

- Det var eit godt og positivt møte, og vi fekk ein god dialog. Eg fokuserte også på den viktige rolla næringslivet har i utviklinga av Stryn kommune, og behovet for gode, framtidsretta kommunikasjonar, oppsummerer Sven Flo etter møtet.