P&O Cruises sitt nye flaggskip «Britannia» startar cruisesesongen for hamna i Olden – Nordfjord tysdag 28. april.

Skipet vil kome tilbake til Olden heile fire gongar til i løpet av cruisesesongen som varer til 12. oktober.

- For cruisesesongen 2015 kjem det færre skip enn ein har hatt dei to siste åra. Det er venta 55 skip til cruisekaia i Olden. Skipa blir større og tek fleire passasjerar, så det ligg an til vel 80 000 passasjerar i Olden. Cruise svingar, og alle cruisehamnene i Norge vil ha ein nedgong frå tidlegare år, seier Beate Vik Hauge på vegne av Cruisegruppa Olden – Nordfjord og Sølve Oldeiede i Nordfjord Havn, i ei pressemelding.

Cruisemanualen for 2015 er ferdig utarbeida og distribuert til cruiserederia. Heile 33 spennande utflukter blir tilbydd i regionen til cruisepassasjerane som kjem til Olden. Utfluktene er ei god blanding mellom dei klassiske sightseeing turane, aktivitetar og lokal mat. Trendar viser at cruiseindustrien er i sterk vekst, og at stadig nye grupper turistar vel denne ferieforma. Lokalt ser ein dette mellom anna i form av ein stadig aukande etterspurnad etter aktivitetar, fortel dei.

Fire dagar i løpet av sesongen er det mange cruisepassasjerar på ein gong. Det er 8. juli, 15. juli, 22. juli og 1. september. Den 26. juni kjem Disney Cruise Line sitt skip «Disney Magic» på besøk til Olden for første gong.

- Ingen av Disney Cruise Line sine fire skip har tidlegare vore i Norge. Dette er cruiseskip med heilt spesielle underhaldnings- og aktivitetstilbod for heile familien ombord, fortel Vik Hauge og Oldeide.