Hornindal skule er inne i ei positiv utvikling.

- Den siste elevundersøkinga syner at Hornindal skule er i god utvikling. Her er færre tilfelle av mobbing. Resultata av dei nasjonale prøvene viser at Hornindal skule ligg godt an, opplyste kommunalsjef Ola Bolstad i si orientering til  Utval for oppvekst og helse.

Hornindal skule har gjennom nasjonal statistikk blitt framstilt som "mobbeskule".  Men situasjonen har betra seg m.a. som fylgje av . Læringsmiljøprosjektet.

- Vi er no nede på eit anstendig nivå, men arbeider for å få vekk all form for mobbing, understreka Ola Bolstad.

Elevundersøkinga som vart gjennomført hausten 2014, omfatta alle elevane frå 5. til  og med 10. klasse. Den viser positiv utvikling både når det gjeld trivsel, fagleg utbytte, læringskultur, motivasjon, meistring, elevdemokrati og medverknad.

- Det skjer mykje positivt på Hornindal skule, avslutta Ola Bolstad.

Ola Bolstad er kommunalsjef oppvekst og kultur.