Sunnmørsposten melder på sine nettsider at nordfjordingen Harald Aabrekk har mista jobben som trenar for Aalesund fotballklubb.

Den tidlegare strynetrenaren kom til Ålebyen før sesongen, og rakk berre fire serierundar med eliteserieklubben før engasjementet vart avslutta i dag.

- I avgjørelsen er det lagt spesielt vekt på at Harald ikke lenger har den nødvendige tilliten i spillergruppen, seier styreleiar i AaFK, Reidar Mjelde, i ei pressemelding.

AaFK står med eitt poeng etter fire kampar. Dei tok seg derimot vidare i cupen etter at dei slo ut Stryn i første runde førre onsdag.