Mange har enno ikkje lest si eiga sjølvmelding, to dagar før fristen går ut. Dette melder Skatteetaten i ei pressemelding tysdag. Så mange som 14.000, berre i Sogn og Fjordane, har enno ikkje lest sjølvmeldinga.

Nytt i år er at dei fleste lønstakarar og pensjonistar berre har fått sjølvmeldinga si elektronisk.

- Vi oppfordrar alle til å bruke tid på å lese og sjekke sjølvmeldinga si, slik at ein ikkje betalar for mykje skatt eller går glipp av frådrag, er oppfordringa frå Trude Husevåg, avdelingsdirektør i Skatteetaten.