- I år blir nok oppgåvene endå vanskelegare enn åra før. Nivået er svært høgt på laga, og difor «strammar» vi til både oppgåver og reglar, seier prosjektleiar Elin Østraat til NRK. Ho snakkar om den nasjonale finalen i Klassequizen på NRK1 kl. 19.55 i kveld.

Her skal 19 fylkesvinnarar frå heile landet kjempe om å gå heilt til topps i konkurransen. Eitt av laga er frå tre elevar frå Olden skule, som representerer Sogn og Fjordane. No er dei blant 57 elevar rundt om i landet som har førebudd seg til finalen, som blir vist i opptak laurdag 23. mai.

Aldri før har så mange skular delteke i kunnskapskonkurransen på NRK for tiandeklassingar. I starten var heile 453 skular rundt om i landet påmelde. I kveld blir det nok både jamnt og spennande når laget frå Olden skule kjempar om sigeren saman med 18 andre fylkesvinnarar.