Ordførar Sven Flo gler seg til morgondagens oppstartmøte for E39 Byrkjelo - Grodås.

- Eg har store forventingar til å  få presentert framdriftsplan og korleis Statens vegvesen ønskjer å jobbe med prosjektet, seier Flo til Fjordingen.

- Stryn kommune har pressa på for å få fortgang i planarbeidet?

- Ja, vi meinte at det tok for lang tid å kome i gang etter at det blei fatta vedtak om traseval.

- Tunnel under Utvikfjellet har høgste prioritet?

- Ja, men det har også kome signal frå statsråden om at han ønskjer å byggje heile prosjektet under eitt. Eg reknar såleis med at ein planlegg både tunnel og bru samla, slik at det ikkje blir unødvendig stopp og tidstap på realisering av E39 i indre Nordfjord, seier Sven Flo.