Hotel Alexandra søkjer løyve til å skjenke øl og vin i samband med Skåla Opp 15. august 2015. Tidspunktet for servering på Tjugen vil vere frå klokka 13 til 17.30.

- Vi ønskjer at arrangementet skal utviklast vidare med eit "sosialt løft" etter endt løp, heiter det i søknaden. Der det blir synt til at sal av mat, øl og vin vil gje eit meir komplett tilbod til deltakarane.

- Løpet blir avslutta oppe på Skåla og deretter kjem dei tilbake til Tjugen. Det blir  også i år sett opp eit stort telt der vi skal formidle løpet frå mellomstasjon og frå toppen. her ser vi føre oss god stemning med stolte deltakarar. Då er det naturleg å kunne hygge seg med mat og godt drikke, blir det slått fast.