Utover ettermiddagen og kvelden har stadig fleire køyretøy innteke strynebygda.

Ein tysk motorsykkelturist som besøkte ein av bensinstasjonane kom bort og lurte på om det var noko spesielt som hende, eller om det var ein "vanleg fredag" med så mykje bilar og trafikk i sentrum. Så om andre, også fastbuande, skulle vere i tvil: Ja, det er motorfestival!

Omlag 100 storbilar

Ved Strynehallen var Benny Hammer i full sving med "stuinga" av dei mange storbilane som er venta på festivalen.

Benny Hammer (t.v.) hjelper på plass bilane ved Strynehallen. Her i prat med Kurt Hennøy frå Florø og Espen Aarnes Sørgaard frå Stryn.

- Erfaringsmessig kjem 75 prosent no i kveld, kunne han opplyse. Egsagt tal på kor mange storbilar som er venta hadde han ikkje full kontroll på.

- Det er vel omlag 90 vi veit om, men så kjem det alltid nokon i tillegg, seier han.

Poker run

For AmCar- og gatebil-folket var det Poker run som stod på programmet fredag kveld. Her var det lagt opp til ulike postar i sentrum som skulle finnast ved hjelp av kart. Ved kvar post skulle det trekkast eit kort, og bilen med best "hand" etter alle fem postane vart vinnar.

Martine Roset (7) har trekt ein hjerte ni på ein av postane i Poker run- konkurransen. Sjåfør er Svenn Arve Roset, delvis skjult sit Anita T. Roset og til høgre sit Tuva Berstad Aarskog. Nærast er Jan Erik Eide

I morgon byrjar programmet på føremiddagen med dei ulike utstillingane. Her kan folk kike rundt på både amcar-, gatebil-, tungbil-, off-road- og MC-utstillingar og vere med å stemme fram dei køyretøya ein likar best. På ettermiddagen er det tid for det populære dragshowet ved brannstasjonen, og ikkje minst paradane gjennom sentrum.

Gammal sjarm: Ikkje alt treng skine for å sjarmere!