Måndag i 20-tida såg Mariell Taraldset ein vaksen ulv då ho var på veg til Holskarsetra i Hornindal.- Eg hadde gått tredjedelen av stien opp til setra då ulven stod ca 20 meter ifrå meg. Eg skreik, bråsnudde og sprang det raskaste eg kunne. Torde så vidt å snu meg for å sjå om ulven fylgde etter, men stoppa ikkje før eg var nede på fylkesvegen, fortel Mariell til Fjordingen.- Du er sikker på at det var ulv du såg?- Ja, det er eg sikker på. Dette var fjerde dagen eg gjekk opp mot Holskarsetra, og to av dagane såg eg spor i snøen som tyda på at det kunne vere eit større rovdyr i området. Men at eg skulle møte på ulv, hadde eg ikkje rekna med.

Viltnemnda i Hornindal vart kontakta om observasjonen. Ein saueeigar som har gjetarhundar like i nærleiken, fortalde at hundane hadde oppført

Dette bildet tok Mariell dagen før. Som vi ser, er det snakk om eit stort spor. Foto: Mariell Taraldset

seg uvanleg dei siste dagane. Noko som tyder på at ulven har vore i området ei tid.