Roviltkontakt i Nordfjord, Ingolf Folven, festar stor lit til at Mariell Taraldset måndag kveld såg ein ulv på veg opp til Holskarsetra i Hornindal.

- Dette er ein veldig truverdig observasjon, seier Folven til Fjordingen.

I fjor på desse tider vart det observert ulv fleire stader i distriktet, m.a. i Grønfurvika i Oppstryn, på Flofjellet, Sunnylven og Utvikfjellet. Korvidt det her er snakk om ein eller fleire ulvar - eller om det er same dyra som vart skotne i Sykkylven og Naustdal - blir spekulasjonar.

- På denne tid av året er det vanleg at unge hannulvar som vert utstøytte frå flokkane sine, streifar på jakt etter nye revir. Og dei kan tilbakelegge store strekningar på kort tid, fortel Ingolf Folven.

- Er streifande ulv farleg for menneske?

- Nei, ikkje i det heile. Vi høyrer historier om ulv som kan vere trugande for folk, men då er det snakk om flokkar.

- Men det er vel naturleg at folk blir redde?

- Ja, det er ein naturleg reaksjon. Men som sagt, enkeltindivid av ulv vil ikkje vere farlege for menneske.

- Korleis ville du sjølv ha reagert dersom du kom nær ein ulv?

- Eg hadde stått i ro for å observere og aller helst prøvd å få bilde av ulven.

- Til slutt, Ingolf. Mariell Taraldset fotograferte nokre dagar tidlegare spor av eit stort dyr som hadde opphalde seg i området nedanfor Holskarsetra i Hornindal. Kva kan ein lese ut av desse bilda?- På denne tid av året når snøen er så oppsmelta,  blir det vanskeleg å skillje mellom spor av ulv og ein stor hund. Men lokalkjende folk som eg har snakka med, fortel at dette ikkje er ein naturleg opphaldsplass for hund. Så det er ingen grunn til å betvile at det var ein ulv Mariell Taraldset såg.