Målestasjonen under Mindresunde-brua måler vassføringa i Strynsvatn. Dette er den einaste i kommunen som framleis har flaumvarsel på oransje nivå. Vassføringa nedover Stryneelva har dei siste dagane vore stigande. Men no trur NVE at flaumtoppen kan vere nådd.

- Det kan sjå ut som ein kan nådd toppen, sidan vassføringa har vore stabil siste døgnet. Det har no minka litt sidan i går, seier Tuomo Saloranta ved Flaumvarslinga til NVE. Men samstundes er det meldt store nedbørsmengder måndag, legg han til.

Han fortel at der er to-tre andre målestasjonar i Stryn kommune, men ingen av desse viser flaumvarsel på oransje nivå.

- Når det gjeld snøsmeltevatn i indre strøk framover, ser det ikkje ut til at det blir noko vesentleg auke i vassføringa.

NVE opprettheldt nest høgaste aktsemdsnivå (oransje) for Stryn kommune både i dag og i morgon.

Du kan følgje vassføringa for Strynsvatn med jamnlege oppdateringar: her