Asbjørn Heggdal frå Vikane gjorde det svært så bra i øvinga hesteskogolf då Midtre Nordfjord hesteskoklubb arrangerte NM i helga. Heggdal kasta seg til ein sterk fjerdeplass, og var den beste lokale i denne øvinga. Det var Andreas Bolset frå Skjold som vann.

Også Olav Årdal, Jens Nesdal og Alv Sunde deltok frå Vikane. Nesdal vart nummer 9, Sunde nummer 14 og Årdal nummer 16.

Det vart også konkurrert i fleire øvingar denne helga, men der nådde ikkje vikarane så høgt opp på resultatlista.