Skiskyttaren Johan Eirik Meland, Markane IL, er ein av omlag 20 skiløparar som får spandert eit månad langt høgdeopphald i Chamonix i august.

Opphaldet dannar grunnlag for ein omfattande studie av høgdetrening, som skal gjerast av professor Carsten Lundby, University of Zurich, Sveits, og Høgskolen i Lillehammer, ved førsteamanuensis Bent Rønnestad.

Hovudfokus er å sjå på korleis høgdetrening påverkar prestasjonen til uthaldesutøvarar på elitenivå. Det finst i dag ingen kontrollerte studiar som har påvist nokon klar effekt på fysisk prestasjon hos godt trente personar som resultat av "bu høgt- trene høgt" tankegangen.

- Eg hadde rekna med ein sommar her heime i Stryn med familie og vener, men no blir det ein månad i Frankrike. Eg er spent og gledar meg mykje. For min del handlar det om å få ein solid treningsperiode som skal vere med på å danne eit godt grunnlag for vinteren. To av lagkameratane mine frå Team Skistua Hemsedal skal også vere med på prosjektet, så vi satsar på å legge eit opplegg ilag der nede, seier Meland.