Inge Asbjørn Haugen, Hornindal IL, er på plass på Jessheim for å springe sitt maratonløp nummer 499 fredag kveld.

- Eg måtte ta med meg dette løpet for å få nummer 500 på heimebane, seier Haugen, og viser til Hornindalsvatnet Maraton som finn stad 25. juli.

Skjønt han kunne nok tenkt seg litt meir pause etter at han førre helg gjennomførte ekstremløpet Hornindal Rundt, 75 kilometer i fjellheimen.

- Eg er stiv i beina etter helga, innrømmer maratonslukaren. Men å avgrense seg til halve distansen for betre oppladning til denne helga var aldri tema.

- Nei, vi er berre to stykke som har fullført heile distansen alle åra, seier Haugen.

Når det gjeld kveldens løp, og etter kvart løpet på heimebane, har han små forhåpningar om noko årsbeste på distansen.

- Det var ein veldig god sesong i fjor, og den varte heilt til januar i år. Då sprang eg på årsbeste som er 3.41. Men det har ikkje vore same forma etter det. Eg reknar med ei tid på pluss-minus fire timar, seier Haugen.