Victoria Vangberg (21) frå Loen er lite nøgd med sommarvêret som har vore, og håpar at godvêret snart vil kome tilbake.

Kva er årets ferieplanar?- For meg er ferien snart over, så det er ikkje mykje tid til å kunne feriere mange stadar. Eg skal jobbe ein del ved Hotel Alexandra før eg startar på skulen igjen til hausten. I helga er det Gummibåtfestivalen i Stryn, noko eg gler meg veldig til, fortel Vangberg med eit smil. Kva kjenneteiknar ein perfekt sommar for deg?- På ein perfekt sommar skin sola nesten heile tida, der ein kan bade i sjøen, ete is, spele volleyball m.m. I tillegg til at ein kan gå med sommarklede.Som ein sikkert har merka har sommaren i år vore ein skuffelse, og vi satsar heller på at resten av tida framover vert betre, fortel Vangberg.

Kva et du helst på denne tida av året? - Når sola skin likar eg helst å grille. Og om matlysten ikkje strekk til som følgje av mykje varme, går det gjerne i mykje is. Kvar tek du med deg sommargjestane som kjem til Nordfjord? - Dei ville eg ha tatt med meg til Lodalen, samt ein luftig tur i Via Ferrata.

Kva er ditt beste sommarminne frå barndomen?- Mitt beste sommarminne er frå då familien min og to andre tok turen til Brennvika utanfor Bodø. Der var det strandliv og sol stort sett heile tida. Mykje av tida gjekk til fisking, volleyball, bading m.m.