Nikolai Emil Bakka (20) frå Hornindal, seier han gjerne ville vist turistane, og andre sommargjestar omkring i Nordfjord.

Kva er årets ferieplanar?- I og med at eg jobbar i sommar har eg ikkje lagt nokon spesiell ferieplan. Eg skal ein tur til England, for å sjå fotball, og deretter ein tur til Tsjekkia i samband med studie i løpet av hausten.  Kva kjenneteiknar ein perfekt sommar for deg?- Fint vêr er jo sjølvsagt viktig, men også det å ha det kjekt saman med vener og familie. Litt festlegheiter i helgene er jo absolutt ikkje til å forakte heller!

Kva et du helst på denne tida av året? - Grillmat er alltid ein sikker vinnar på sommarstid, så det nyt eg så ofte som overhode mogleg. Vannmelon er og noko av det beste som finst når ein ligg og slappar av i solsteiken.  Kvar tek du med deg sommargjestane som kjem til Nordfjord? - Eg ville tatt dei med omkring i Nordfjord, slik at dei fekk sjå seg om. Eg ville og anbefalt sommargjestane overfor Via Ferrata i Loen, som eg sjølv har lyst å prøve i løpet av sommaren.

Kva er ditt beste sommarminne frå barndomen?- Har veldig mange gode minne, frå både innland og utland, så det vert vanskeleg å plukke ut berre eitt. Sommarkveldane ved grusbana i Kirkhornsbakkane, med godt selskap står høgt i kurs.