Førstkomande helg blir det nytt stemne på Nesholmen i Hyen.

Laurdagen startar med ein kort fjelltur til ein støl i Eimhjellen med felles avreise fråNesholmen. Triatlon med lag på tre (springe, symjeog padle) står på programmet og der. Seinare på dagen er det festkveld med tale av Kjell Skaaheim,tidlegare rektor på Førde ungdomsskule.

Musikk frå Afrika vil vereein gjennomgangstone, og afrikansk musikk har inspirert både gospel ognegro spirituals. Også den nye norske salmeboka har mange songarfrå ulike delar av Afrika.

Gjennom work-shop på laurdag oggudsteneste på søndag, vil desse afrikanske salmane vere heiltsentrale. Vi skal  alle vere med og synge desse songane, gjernefleirstemt slik dei brukar i afrikanske kyrkjer, seier Jarle Hessevik i styret for Nesholmen.

Musikkansvarleg vert Henny Koppen,  og prest under gudstenesta vert Ida Etnestad.