Medan nabofylka slit med aukande arbeidsløyse, er arbeidsmarknaden i  Sogn og Fjordane stabil og arbeidsløysa framleis lågast i landet.

Ved utgangen av august er 1156 personar i Sogn og Fjordane heilt utan arbeid. Dette er ein auke på berre 24 personar frå august i fjor.

– Det er lite trulig at Sogn og Fjordan vil oppleve ei dramatisk auke i arbeidsløysa på grunn av situasjonen i oljeindustrien. Til det har vi for få tilsette innan oljeverksemd. Til dømes er det berre 800 personar frå Sogn og Fjordane som har arbeid på sokkelen. Dei få verksemdene vi har innan leverandørindustri klarar seg også bra, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, i ei pressemelding.

Medan auken i Sogn og Fjordane berre svarar til to prosent, har Rogaland ein auke på heile 65 prosent, Hordaland og Møre og Romsdal høvesvis 21 og 23 prosent. På landsnivå har arbeidsløysa auka med 7 prosent frå august i fjor.

Med 2,0 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid, har Sogn og Fjordane lågast arbeidsløyse i landet. På landsnivå er det 84 702 heilt ledige i august, tilsvarande 3,1 prosent av arbeidsstyrken.

I alt 193 nye stillingar vart registrert i august, ein reduksjon på 24 prosent frå august i fjor. Reduksjonen er størst innan bygg/anlegg og reiseliv/transport.

– Undersøkingar har vist at berre om lag 40 prosent av ledige stillingar blir lyst ut offentleg, så det er moglegheiter på arbeidsmarknaden sjølv om det for tida blir lyst ut få ledige stillingar, seier Thorsnes.