Norges Bygdeungdomslag oppfordrar unge til å førhandsstemme.

– Mange bygdeungdomar er ikkje i heimkommunen sin på valdagen, og då må ein hugse å bruke stemmeretten sin på førehånd, seier leiar i Norges Bygdeungdomslag, Gunn Jorunn Sørum.

Det er den låge valdeltakinga blant unge som er bakgrunnen for bygdeungdomslaget si oppfordring. Ved det siste kommune- og fylkestingsvalet valde over halvparten av landet sine ordinære førstegangsveljarar å ikkje stemme.

- Det er eit stort demokratisk problem. Når valdeltakinga blant unge er låg, er sjansen mindre for at ungdommen sine meiningar blir representert hos dei som styrer kommunen eller fylkeskommunen. Vi trur difor at det er eit stort behov for å informere ungdom om kva mulegheiter ein har og korleis ein går fram for å stemme, seier Sørum i ei pressemelding. Ho viser til at ein kan førehåndsstemme kvar som helst i landet fram til 11.september.

Les meir om kampanjen her