Tjuvar tok seg i løpet av natt til måndag inn på sjåførrommet ved Firda Billag og Nettbuss i Stryn for tredje gong på tre veker. Politiet ber om tips for å få stopp på innbrotsraida.

Tjuvane har teke seg inn gjennom same vindu kvar gong, og har vore på jakt etter sjåførpengar kvar gong.

- Første og andre gong brukte dei lettare verktøy og fekk ikkje med seg noko særleg. Etter innbrotet i natt har dei lagt att både kjettingavbitar, brekkjarn og andre spor. Det er uvisst kva dei har fått med seg, men dei har brote opp ein safe på jakt etter sjåførpengar, seier politibetjent Jan Tore Sunde.

Karin Lunde Vinsrygg, avdelingsleiar for Nettbuss, opplyser at selskapet har sikring i huset, men at det no vil bli gjort ytterlegare tiltak.

- Det er tydeleg at dei har vore ute etter pengar. Eg håpar politiet finn ut av kven som står bak, også for at andre ikkje skal oppleve same plage vi er blitt utsett for, seier ho til Fjordingen.

Innbrot hos Nettbuss og Firda Billag i Stryn. F.v. politistudent Yngvild Østberg og politistudent Mathias Engeset.

Strynepolitiet hadde med seg politistudentane Mathias Engeset og Yngvild Østberg på jobb i går. Det var i full gang med å sikre spor då Fjordingen var innom.

- Innbrotet natt til måndag vart oppdaga ved 6-tida måndag morgon. Dersom nokon har sett bilar eller personar i området ved rutebilstasjonen, er vi svært interessert i tips. Kanskje er det også nokon som kjenner igjen kjettingavbitaren tjuvane la att, seier politibetjent Jan Tore Sunde.