Ei kvinne har kontakta Fjordingen og uttrykt irritasjon og fortviling over det store antal viltkamera som er plassert i skog og mark.

- Skog og fjell er for ålmenta, og bruk av viltkamera innskrenkar fridomen til nokon og kvar. Det er lite kjekt å vite at ein faktisk blir filma og teke bilete av på stiane når ein er på bærplukking eller tur. Uskuldige turfolk kan også bli lagt ut på nett. Kvar går grensa for utplassering av slike kamera, spør dama som med sikkerheit veit at ho er filma.

Miljøvernleiar Odd Rønningen seier til Fjordingen at lovverket ikkje er heilt spikra på dette feltet og at han ikkje kjenner til rettssaker der temaet har resultert i klarare retningslinjer. Datatilsynet skriv i ein foldar at viltkamera er tillete så lenge hensikta utelukkande er å ta bilete av dyr, og dersom det er gjort effektive tiltak for å unngå at det vert tekne bilete av menneske.

- Kamera må setjast opp der folk vanlegvis ikkje ferdast, og den som har viltkamera må merke dette med namn, adresse og føremål. I det heile krevst det at ein viser omsyn, seier Rønningen.

I Datatilsynet sin foldar blir det også poengtert at ein bør innhente tillatelse frå grunneigar, og at kameralokaliteten vert merka med informasjon om at kamera er sett opp.