70 honndøler deltok på informasjonsmøtet om kommunereforma. - Frammøtet her er det dobbelte av tilsvarande opplegg i Førde. Så det må vi  seie oss fornøgde med.  Men kvar er ungdomen, spurde ordførar Anne-Britt Øen Nygård då ho såg ut over forsamlinga med gjennomsnittsalder på 60 år.

Det var høg gjennomsnittsalder på dei som deltok på folkemøtet i Honndalshallen onsdag kveld. Foto: Harald Vartdal

Kommunesamanslåing er igjen tema i Hornindal, slik det var i 1964. Då blei honndølene tvinga inn i Stryn kommune. Eit ekteskap som varte til 1977. 38 år etter skilsmissa er det igjen aktuelt å gå saman med Stryn.

- Spørsmålet no er om vi skal vere eigen kommune eller slå oss saman med ein eller fleire kommunar i Nordfjord og eventuelt på Sunnmøre. Hornindal kommunestyre må fatte vedtak seinast 30. juni 2016. Så vi har ikkje meir enn tida og vegen, innleia avtroppande ordførar Anne-Britt Øen Nygård.

Etter at Hornindal og resten av norske kommunar har bestemt seg før neste fellesferie,  vil vedtaka bli vurderte av fylkesmannen. Som igjen sender saka over til Stortinget for endeleg avgjerd. I juni 2017 får vi sjå korleis det nye kommune-Norge vil sjå ut med verknad frå 1. januar 2020.

Hornindal og Stryn har gått saman i arbeidet med å utgreie åtte alternativ. Mellom desse er det såkalla 0-alternativet om å stå åleine. I dei sju øvrige alternativa er Hornindal knytta til Stryn. Andre aktuelle kommunar er Eid, Gloppen, Volda, Ørsta, Stranda og Norddal.

Med Harald Risnes som prosjektleiar, vert det utgreidd samanslåing av dei fire Nordfjord-kommunane Eid, Gloppen, Hornindal og Stryn. Innan 1. november 2015 skal det presenterast forslag til intensjonsavtale som m.a. inneheld plassering av rådhuset og kommunenamn.

- Då får vi signal på kven som blir med vidare og kven som eventuelt hektar seg av opplegget, uttalte rådmann Ann-Kristin Langeland.

Spørsmålet om det skal gjennomførast ny innbyggarundersøking eller folkerøysting, må avgjerast innan 31. januar 2016.

- Eg meiner at dette er ei så viktig sak at det må haldast folkerøysting, sa Anne-Britt Øen Nygård.

149 honndøler var med på den første innbyggjarundersøkinga. 39 prosent sa at dei helst vil ha Hornindal som eigen kommune. I tilfellet samanslåing var det 78 prosent som hadde Stryn som førsteval. Det kom også fram at 32 prosent gjerne vil slå seg  saman med kommunar på Sunnmøre.

- Eg trur ikkje vi skal leggje stor vekt på resultatet frå innbyggjarundersøkinga. Dette var helst ei temperaturmåling for å få opp engasjementet i saka, hevda rådmann Ann Kristin Langeland.

Rådmannen i Hornindal får ofte spørsmålet:  Kva skjer med tenestene viss Hornindal slår seg saman med ein eller fleire kommunar?

- Svaret mitt er at tenestene framleis skal leverast der folk bur. Men det er avhengig av utviklinga i bygda. Vi kan t.d. ikkje oppretthalde skule og barnehage viss det ikkje blir fødde born. Det handlar ikkje om kommunereform, men korleis bygda utviklar seg,  poengterte Anne Kristin Langeland.

Jan Erik Stokkeland. Foto: Harald Vartdal

Jan Erik Stokkeland hadde vanskar med å finne tråden i kommunereforma. - Her er mange uavklarte forhold, m.a. kva oppgåver som skal tilleggast kommunane. Stopp ørkenvandringa, var Stokkeland sitt råd til stortingsrepesentant Bjørn Lødemel (H).

Halfdan Lødemel gav eit tilbakeblikk på tida då Hornidal var i tvangsekteskap med Stryn. Foto: Harald Vartdal

- Er det nokon som veit kva kommunesamanslåing, eller rettare sagt kommunesletting, dreiar seg om, så er det folk i  Hornindal. Det er no 50 år sidan vi vart slegne saman med Stryn. Viss det ikkje hadde skjedd, ville her vore veg på nordsida av Hornindalsvatnet og skikkeleg standard på vegen gjennom indre Hornindal, hevda Halfdan Lødemel. Som synte til at Hornindal omsorgssenter er resultat av frigjeringa i 1977. - I Stryn kommune var det bestemt at det skullle vere to sjukeheimar - i Stryn og Innvik. Kor mange er det i dag som kan tenkje  Hornindal utan sjuke- og aldersheim?

Halfdan Lødemel ville ikkje gje noko konkret svar på kva han meiner om eventuell kommunesamanslåing. Men han sa at det vil vere fint å kome saman med Volda og Ørsta.

- Elller så kan vi slå oss saman med Stryn og Eid slik at ein kan rette opp tidlegare feil ved å leggje administrasjonssenteret på Grodås, sa Halfdan Lødemel med eit smil.

Sverre Dønvold. Foto: Harald Vartdal

Sverre Dønvold meinte at Hornindal og Stryn blir for smått. Hans forslag var ein framtidig kommune samansett av Eid, Gloppen, Hornindal og  Stryn.

.

Inge Heggen. Foto: Harald Vartdal

Inge Heggen som nyleg flytta heim etter å ha budd på Eidsvoll, poengterte kor viktig det med kraftige kommunar som gjev gode tenester.

- Det kan vere kjekt å ha eigen ordførar, men det blir det ikkje økonomi til  i framtida. Som eigen kommune vil Hornindal forsvinne, hevda Heggen.

Atle Tomasgard er ikkje i tvil om at Hornindal også i framtida vil vere best tent som eigen kommune. Foto: Harald Vartdal

- Eg er imot heile kommunereforma. Dette er sørgelege greier, meinte Atle Tomasgard. Som var klar på at Hornindal ville hatt ei annleis og dårlegare utvikling dersom frigjeringskampen på 1970-talet ikkje hadde lukkast.

- Vi kan takke pionærane Kåre Maurset og Per B. Lødemel for at vi i dag har Ekornes Grodås, hevda Atle Tomasgard.

- Atle Tomasgard fortel om fortida, men kva meiner han om Hornindal kommune si framtid? spurde Sverre Dønvold.

- Eg vonar at vi får oppretthalde småkommunetilskotet, slik at Hornindal kan halde fram som eigen kommune, svara Atle Tomasgard.

Rune Seljeset forstod ikkje vitsen med å gå laus på små endringar i kommunestrukturen så lenge ikkje ein har fått avklara framtida til Fylkeskommunen og Fylkesmannen.

- Viss det ikkje er snakk om regionkommunar som skal overta oppgåvene til Fylkeskommunen og Fylkesmannen, er det liten vits å gjere små endringar utan grunn, konkluderte Rune Seljeset.

Bjørn Lødemel kunne ikkje gje svar på om Hornindal får behalde småkommunetilskotet dersom dei bestemmer seg for å vere eigen kommune. Foto: Harald Vartdal

Stortingsrepesentant Bjørn Lødemel opplyste at det ikkje er fleirtal på Stortinget for å leggje ned Fylkeskommunen. Han presiserte at kommuneforma er ei frivillig reform.

Ordførarkandidat Eldar Engelund (Sp) bad Bjørn Lødemel gje eit klart svar på om Hornindal får behalde småkommunetilskotet på 5,5 millionar kroner per år.

Bjørn Lødemel: - Eg kan ikkje gje noko svar så lenge saka om nytt inntektssystem ikkje er handsama av Stortinget.

Jon Ytrehorn. Foto: Harald Vartdal

Jon Ytrehorn: - Eg er open for kommunesamanslåing med Stryn, men også open for å vere eigen kommune sjølv om Stryn går saman med andre. I mi stilling som kateket og prest har eg sett verdien av tverrfagleg samarbeid, på tvers av kommunegrenser og andre grenser. Det ligg enorm inspirasjon i slikt samarbeid. Så det må uansett førast vidare.