Tor Erling Egedahl frå Stryn og Hornindal lensmannskontor og springer spanielen Theo gjekk i går heilt til topps i NM for narkotikahundar.

I seg sjølv ei bragd for ein ekvipasje frå ei lita vestlandsbygd i konkurranse med alle som jobbar med dette feltet til dagleg i dei større byane. Men  bragden blir ikkje mindre når ein veit at dette er ein unghund, enno ikkje fylt to år, og nettopp godkjend.

- Han blir to år om tre veker. Vi hadde godkjenning og eksamen for to veker sidan. Han er ein kanonhund, seier ein godt nøgd hundeeigar og førar, som legg ned eit stort arbeid i å trene narkotikahundane sine. Medan dei som jobbar i Oslo og andre større byar kan gjere dette på heiltid, må ein politibetjent på eit lensmannskontor i distrikta ta dette som ei av mange ulike arbeidsoppgåver.

NM fann stad ved Malvik utanfor Trondheim, og Theo var den yngste hunden av alle. Tevlinga var offisiell norgesmeisterskap for politiet sine narkotikahundar og hundar frå kriminalomsorga.

Tor Egedahl og Theo klare for NM. (Privat foto)

18 ekvipasjar deltok, og det vart konkurrert i følgjande øvingar:

- Søk etter narkotika i lager, leilegheiter, bilar og objekt som står i eit rom

- Lydigheit

- Feltsøk

- Spor

Etter at alle øvingar var avslutta, stod ekvipasjen frå Stryn og Hornindal lensmannskontor på toppen av pallen med høgst poengsum av alle. Dette betyr også at det blir representasjon utanfor landegrensene. Første og andre plass skal nemleg representere Norge i Nordisk meisterskap neste år.

Theo er ein kanonhund! seier Tor Egedahl om unghunden som blir to år om tre veker, men som alt har vunne sitt første NM. (Privat foto)