Sonja Øvre-Flo (H) ser positivt på innføring av turistskatt. - Men skatten må ikkje vere så høg at den skremmer vekk turistane, understrekar ho. Også fleire andre som utgjorde panelet under den poltiske debatten i Stryn kullturhus, ønskjer at slik skattlegging vert greidd ut.

- Korleis skal vi få finansiert tilgang på fellesgoder som turstiar, toalett, merking, kart osv? spurde Marita Lindvik, dagleg leiar i Reisemål Stryn & Nordfjord.

- Eg er positiv til turistskatt. Dette fungerer i USA. Men vi må også ha eit samarbeid med frivillige når det gjeld tilretteletting av fellesgoder, sa Jan Træen (Ap).

Rune Holen (V) stilte seg bak utgreiing av turistskatt. Han kom også inn på det store potensialet knytt til reiseliv, nasjonalpark og landbruk.

- I Stryn har vi ein diamant som det berre så vidt er pussa på, hevda Rune Holen.

Hans Petter Galtung var samd i at her ligg eit stort potensiale. Men det krev betre tilrettelegging og infrastruktur - spesielt innanfor cruise.

For Tor Åge Berglid (MDG) var dette søt musikk. - Mitt parti vil bruke 50 gongar meir på grøn turisme i Sogn og Fjordane. Vi  går inn for turistskatt på cruise, opplyste han.

Per Kjøllesdal (Sp): - Eg ser gjerne at vi får utgreidd turistskatt.

Sonja Øvre-Flo : - Høgre ønskjer sterkare satsing på heilårsturisme basert på samarbeid mellom reiseliv og landbruk. Hoven-prosjektet er døme på korleis ein kan skape vekst og utvikling.

Anders Magne Vik (Fp): - Eg er ikkje så glad i skatt. Etter mitt syn bør det heller vere ei ordning der bedriftene set av fondsmidlar til fellesgoder, pluss litt frå kommunen.

Knut Henning Hjelllbakk kunne fortelje at Stryn Næringshage for to-tre år sidan var godt i gang med å greie ut eit prosjekt for finansiering av fellesgoder.

- Dette var eit av fem prosjekt i Norge som hadde støtte frå Innvovasjon Norge. Men det heile stoppa opp då reiselivsnærniga sa nei. Viss det er stemning for å ta opp att prosjektet, stiller vi gjerne opp. Her ligg allereie klar modell, opplyste Knut Henning Hjellbakk.