For femte gong samlast løparar og syklistar som utfordra mjølkesyre, pust og puls til kappestrid opp dei bratte bakkane frå Olden sentrum og til Skarsteinsetra.

I flott etter-sommar-vêr fekk arrangøren, Olden idrettslag, god deltaking. Massevis av ungar, familiar og turgåarar gjekk den 4,6 km lange løypa. Både undervegs og på toppen venta musikk, heiarop og kubjeller, og det vart ein skikkeleg folkefest for dei omlag 200 trimmarane og konkurranseløparane.

Vi nemner at det vart ny sykkerekord til Ingrid Fjellestad, Sandane SK, medan rekorden stod seg blant herresyklistane samt i løpsklassane.

Årets bestetider:

Løp, herre: Andreas Carlborg, Spårvegen FK 23.05.

Løp, dame: Jeanette Eide Kristiansen, Florø IL 42.49.

Sykkel herre: Arne Nesgård, Sandane Sykkelklubb 20.52

Sykkel dame: Ingrid Fjellestad, Sandane Sykkelklubb 24.30(rek)