Moods of Norway dukkar opp på stadig nye arenaer. No er motegründerane også å finne på frimerke.

Sist onsdag var den første frimerkeutgjevingsdagen i 2013. Då lanserte Majorstuen postkontor i Oslo ein serie på totalt tre frimerke med Moods of Norway som motiv.

- Det er sjølvsagt utruleg moro å kome på sitt eige frimerke, seier Simen Staalnacke og dei andre karane bak moteverksemda.

Frimerka har tre ulike motiv: Eitt med den velkjende rosa traktoren og hoppande gründerar, eitt med stilisert traktorlogo og eitt med dei fire grunnleggjarane i eit gigantisk, rosa seng.

Sistnemnde vart teke for moro skuld ein gong dei alle fire var i USA. Senga fann dei i huset som hadde tilhøyrt fotomodellen Anna Nicole Smith.

- Vi kan vel trygt seie at vi aldri hadde sett føre oss at dette biletet nokon gong skulle bli frimerke! seier Jan Egil Flo, Peder Børresen, Simen Staalnacke og Stefan Dahlkvist.

Dei hadde så vidt tid til å få med seg frimerkelanseringa før det vart travle dagar med filming og fotoshoot i Stryn. No ventar dei store motevekene, som kjem på rekkje og rad i januar og februar.

Merket er eitt i ein serie på totalt tre frimerke med Moods of Norway-motiv som vart lanserte sist veke.