Gjennom bloggen Rullefrue set Henriette Nyhammer Vik (22) frå Stryn søkjelyset på kvardagen sin som ung rullestolbrukar. Her sender ho klare meldingar til det offentlege, kjem med friske utspel og fortel ope og ærleg om små og store utfordringar.

Etter berre eit par veker med blogging har Henriette Nyhammer Vik frå Stryn rundt 500 personar som følgjer med på kva ho skriv.

- Eg har fått mange tilbakemeldingar. Kjekt, seier den ferske bloggaren.

Ordet blogg kjem av web log, altså internett-dagbok. I si dagbok på nettet tek Henriette føre seg både kvardagshendingar og meir generelle betrakningar om livet.

Frå frustrasjon over brøyting og dårleg framkomst for rullestolbrukarar til motetips for jenter i rullestol (klipp opp ryggen på kjolen!) og praktisk vising av korleis ho kan teikne, skrive blogg og sminke seg når ho ikkje kan bruke hendene.

- Eg teiknar med munnen. Når eg bloggar, kan eg klare å skrive med handa ved at eg set veslefingeren på tastaturet. Men det enklaste er å skrive med munnen, der eg har ein penn eller noko liknande å trykke med. Det blir eg ikkje så fort sliten av, forklarer Henriette.

Henriette vart fødd med ein feittsvulst, lipom, i nakken. Feittsvulsten har ført til at nervane i nakken har kome i klem. Tre gongar har legane prøvd å operere vekk feittkulen.

- Første gongen var eg berre fire veker gammal. Dessutan hadde eg ein ny operasjon då eg var åtte år, og ein då eg var ni, fortel Henriette.

- Fettkulen er ikkje direkte fårleg så lenge han veks med meg. Han er fårleg først når han byrjar å presse på nervar som har med vitale organ å gjere. For eksempel pusten, seier Henriette.

Du kan leise heile saka om Henriette i onsdagsutgåva av Fjordingen