Utrekningar SINTEF har gjort for Vegdirektoratet og nyeføresetnader for samfunnsøkonomiske analyser konkluderer med at E39 langs indrelinje har størst samfunnsnytte.

- Regjeringa i samråd med Finansdepartementet har bestemt segfor å auke analyseperioden frå 25 til 40 år og operere med fire prosent kalkulasjonsrente for nye veganlegg.Dette vart klart i februar men er offentleggjort no i samband med Nasjonal Transportplan, og synleggjer at indrelinje for E39 kjem betre ut enn midtre både med tanke på netto nytteverdi ognetto nytte pr. budsjettkrone. KS1-rapporten som tilhengjarane av midtre linjehar vist til opererte med 2 prosent rente og 40 års analyseperiode. Med denneføresetnaden kom midtre best ut. Med den malen regjeringa no har lagt seg på,har botnen ramla ut av KS1-rapporten, seier Svein Sunde i Gode Vegar AS og SvenFlo, ordførar i Stryn.

Statens vegvesen seier at dei nye berekningane byggjer oppunder deira anbefaling om å gå vidare med linja langs indre, det vi seie tunnelgjennom Utvikfjellet, fjordkryssing i Stryn og vidare til Volda via Kvivsvegen.

- Dersom statsråd Liv Signe Navarsete vil leggje E39 gjennommidtre for ikkje å tape veljarar i Gloppen og Eid, bør ho vurdere kor mangeveljarar ho tapar mellom Skei og Vadheim. Midtre linje og fjordkryssing vedFolkestad samt tunnel under Utvikfjellet som uansett må kome, vil kostesamfunnet fem milliardar meir enn ved å velje E39 langs indre linje. Desse pengane må nødvendigvis gåut over E39 sør for Skei. Det er kan hende nokre veljarar også i dette området Sp bør ta omsyn til, seier Sunde.

Ordførar Sven Flo meiner realitetane no er så klare atavgjerda om E39 med fjordkryssing i Stryn må kome relativt raskt. – Dei nye talastyrkjer det indre alternativet klart, seier Flo.