Arve Henriksen er nominert til årets Bendiksenpris. Prisen på 100.000 kroner og vert delt ut under GramArt sin sommarfest 30. mai. Saman med Arve Henriksen er LidoLido, Monica Heldal, Violet Road og Frida Amundsen nominerte til prisen.

- Det er svært overraskande og veldig hyggjeleg å bli nominert til Bendiksenprisen. Det er oppmuntrande å vite at nokon har ønska å nominere det eg jobbar med, og at dette har ein funksjon. Det å vite at musikken betyr noko for noken inspirer berre til å oppdage og lage meir musikk. det er også godt å sjå at arbeidsinnsatsen ein legg inn saman med andre musikarar får verdi for fleire, og at denne musikken blir lagt merke til og kanskje igjen kan inspirere og bevege andre, seier Henriksen i ei pressemelding frå GramArt.

Prisen er oppkalla etter nestor i norsk popmusikk, Arne Bendiksen. Bergensaren hadde stor innflytelse i norsk populærmusikk både som songar, låtskrivar og plateprodusent. Bendiksenprisen skal vere eit bidrag til ein artist som alt har kome eit stykke på veg i si karreire. Kandidatane vert valde ut på bakgrunnav aktualitet frå eit vidt spekter av populærmusikalske uttrykk. Tidlegare vinnarar er Karpe Diem (2010),  Ida Jenshus (2011) og Stein Torleif Bjella (2012).

Juryen for prisen er GramArt sitt styre som består av artistane Bjørn Gunnar Sando (Hellbillies), Arne Hurlen (Postgirobygget), Bård Jørgen Iversen (D.D.E), Askil Holm, Elisabeth Andreassen og Ivar S. Peersen (Enslaved).