Storflaumen i Gudbrandsdalen har skapt vanskar for transportnæringa.

- Vi var 50-60 vogntog som stod flaumfaste på same staden, seier Ståle Bergset, sjåfør for Thor Tenden Transport, som kom heim til Stryn i natt etter å ha stått fast på Vinstra i mange timar.

- Kva inntrykk fekk du då du køyrde gjennom flaumområda?

- Der var tre og stein, grus og slam over alt. Der var hus, garasjar og bilar i eitt kaos. Eg tenkte berre "stakkars folk"! seier Bergset.

Lange omvegar

Thor Tenden Transport har i snitt 25-30 passeiringar pr. dag på E6.

- Når ein veg blir sperra blir det fort kaos. Sjåførane er veldig flinke til å snu med ein gong og unngå å bli sperra inne, slik at dei dermed har høve til å finne alternative vegar. Valdresflya har redda oss denne gongen, og Sogn over Hemsedalsfjellet eller Fillefjell. Dei bilane som går med slakteriavfall til Hamar har hatt den lengste omkøyringa, dei har måtta gå over Dokka og Gjøvik. Det blir ein lang omveg, seier Rolf Olav Tenden, dagleg leiar ved Thor Tenden Transport.

I ekstrakostnadar til løn, diesel og ekstra køyretid anslår Rolf Olav Tenden at flaumen kostar verksemda 20.000 kroner pr. dag.

- Men eg vil gjerne understreke at våre problem er små i høve til det dei som bur i dei ramma områda opplever, seier Tenden.

Alternativ 50-årsfeiring

For sjåførane som kom til Vinstra torsdag var der ingen høve til omkøyring.

- Då vi kom køyrande ved Frya arbeidde dei med skrape for å få vekk vatn og stein som kom inn i vegbana heile tida. Og då vi kom til Vinstra var vegen fysisk sperra. Det var veldig dårleg informasjon å få, vi måtte på nett for å leite. Etter kvart var vi 50-60 vongtog som stod der og venta, fortel Ståle Bergset.

Etter kvart fekk hjelpemannskapa bygd opp att vegen så han var farbar.

- Dei bygde opp att vegen før brua, og sjølve brua var intakt, så då byrja dei å sleppe igjennom trafikk nordover i titida. Eg kom tilbake til Stryn i natt kring halv to, fortel Ståle Bergset, som dermed fekk ein alternativ start på feiringa av 50-årsdagen sin i dag.

50-60 vogntog stod flaumfaste på Vinstra i går kveld. (Foto: Ståle Bergset)
Utsikt frå førarhuset sør for Fåvang: - Dette er ikkje elva. Det er eit jorde, seier Ståle Bergset. (Foto: Ståle Bergset)