Honndølen Nils R. Haugen og to famiiemedlemmer møtte ein velvaksen ulv då dei fredag i 14-tida køyrde strekninga Stryn - Skjåk.

- Vi hadde nettopp passert brua på Billligen og var på veg ned mot Pollfoss då det plutseleg kom ein diger ulv over riksveg 15. Vi stoppa opp, men ulven forsvann i skogen før vi rakk å fotografere, fortel Nils R. Haugen til Fjordingen.

- Kor nære var de ulven?

- Eg vil anslå avstanden til ca 100 meter. Han kom frå høgre sida og kryssa vegen.

- Du er sikker på at det var ein ulv?

- Ja, det er det ingen tvil om. Det var ein stor ulv, seier Nils R. Haugen.

Fjordingen kan legge til at det for fjorten dagar sidan vart observert ulv i same området.