Norsk Folkehjelp trekkjer tilbodet til UDI på drift av 150 plassar for asylsøkjarar i Stryn kommune.

- Bakgrunnen for avgjerda er i hovudsak dei innvendingane som er kome mot dei konkrete planane for Loen og Innvik. Vi har merka oss at ein i kommunen ikkje er negativ til etablering av mottak, men at det er ei bekymring knytta til antal plassar på dei to stadane. Vi ønskjer å gjere ei ny vurdering av dette, og vil sjå om vi kan få til ei større spreiing av bueiningar i kommunen, skriv Norsk Folkehjelp i ei pressemelding. Der heiter det vidare:

- Norsk Folkehjelp opplever at vi heile vegen har hatt eit godt samarbeid med kommunen. Vi ser framleis Stryn kommune som godt eigna for etablering av mottaksdrift. Kommunen har fleire senter med nærvirksomheit og annan aktivitet, og har god erfaring med integrering av innvandrarar. Vi meiner difor at asyllmottak rakt vil finne ein naturleg plass i og kan bli ein del av lokalsamfunnet i Stryn. Norsk Folkehjelp vil difor jobbe vidare med sikte på å kunne legge inn eit nytt tilbod på mottaksetablering i Stryn ved ei seinare anbodsutlysing. Vi takkar i denne omgang for den gode dialogen vi så langt har hatt med politisk og administrativ leiing i kommunen og andre personar og instansar i Stryn.